No er det klart for byggjesteg II i Kinnvegen – Storåsen Sør.
Her får du prisgunstige leilegheiter, alle med eigne balkongar. Til leilegheitene følgjer det med parkeringsplass og bod i garasjeanlegg.
Byggjesteget består av 18 leilegheiter fordelt på 3 etasjer. Tilkomst til leilegheitene er via heis/trapp.
Tomta er sørvendt og solrik, med Storåsen som nærmaste nabo. Her er det rikt utval av turstiar, også med lys. Soldalen besøksgard ligg like ved. På garden er det moglegheit for gode opplevingar for liten og stor.
Det flotte friluftsområde og badestranda på Sørstrand ligg berre kort gangavstand unna. Det er barnehage i nærområde, og til sentrum er det ca. 1,5 km. Prosjektet er planlagt over 6 byggjesteg. Dette er andre byggjesteg, blokka lengst mot vest.
Det er satt av store uteopphaldsareal i prosjektet. Desse vert opparbeidd med m.a. ballbinge med kunstgras og leikeplass. Ballbinga vert opparbeidd ved 3. byggjesteg.
Innvendig er det romslege og funksjonelle løysingar med god standard. Det kan nemnast vassboren varme på kjøkken stove og gang. Varmekablar på bad.
Er du tidleg ute kan du sjølv vere med å velje ut dei innvendige kvalitetane som skal omgje deg når du flyttar inn.
Stadig fleire av oss ønskjer å bu enklere. Vi ønskjer å bruke mindre tid på maling, plenklipping og anna vedlikehald.
Storåsen Sør ønskjer deg velkommen til eit enklere liv der du i tillegg bur tett på naturen.
Sjå heile annonsa HER