Allbygg | Nyhetsarkiv
17430
page-template-default,page,page-id-17430,ajax_fade,page_not_loaded,,vertical_menu_enabled,wpb-js-composer js-comp-ver-5.1.1,vc_responsive

Nyhetsarkiv

Storeåsen sør

Vi har gleda av å presentere første byggesteg i Storåsen Sør. Dette byggesteget består av 20 leilegheiter fordelt på 4 etasjer med parkering i felles garasjeanlegg. Tilkomst til leilegheitene via heis/trapp. Alle leilegheitene har eigne balkongar.
Tomta er sørvendt og solrik, med Storåsen som nærmaste nabo. Her er det rikt utval av turstiar, også med lys. Den nyopna Soldalen besøksgard ligg like ved. På garden er det moglegheit for gode opplevingar for liten og stor.
Det flotte friluftsområde og badestranda på Sørstrand ligg berre kort gangavstand unna. Det er barnehage i nærområde, og til sentrum er det ca. 1,5 km.
Stadig fleire av oss ønskjer å bu enklere. Vi ønskjer å bruke mindre tid på maling, plenklipping og anna vedlikehald.
Storåsen Sør ønskjer deg velkommen til eit enklere liv der du i tillegg bur tett på naturen.

Er du tidleg ute kan du sjølv vere med å velje ut dei innvendige kvalitetane som skal omgje deg når du flyttar inn.

Prosjektet er planlagt over 5 byggersteg. Første byggesteg er denne blokka mot aust.
Det er satt av store uteopphaldsareal i prosjektet. Desse vert opparbeidd med m.a. ballbinge med kunstgras og sykkelbane.

Innvendig er det romslege og funksjonelle løysingar med god standard. Det kan nemnast vassboren varme på kjøkken stove og gang. Varmekablar på bad.

Det er fleire fordelar med å kjøpe nytt vi nemner blant anna:
– Låg dokumentavgift.ein betalar 2,5% dokumentavgift for tomteverdien, ikkje av heile kjøpesummen.
– Fast pris – ein unngår bodrundar noko som gir forutsigbar kjøpesum.
– Låge straumutgifter grunna høg byggteknisk standard (Tek-10).
– Du får vere med å sette ditt preg på di leilegheit i samråd med seljar. Tilpass leilegheita etter ditt behov
– Du unngår uforutsette utgifter på din eigedom i lengre tid
– Du kan nyte fritida utan og måtte tenke på vedlikehald
– Du set sjølv første stiften/skrua i veggen.

Sjå heile annonsa  HER

 

 

 

10-11. juni 2017 Allbygg Florø AS er stolte sponsorer til Florø Friidrettsfestival som gjekk av stabelen i helga. Vi gratulerer Florø Turn og idrettsforening med vel gjennomført stevne og flotte resultat! Les meir om norgesrekorden her

                        

Ny norsk rekord frå Karsten Warholm. 44.87 på 400 meter

 

 

18. mars 2016   Allbygg Florø AS er først ute i Norge med DNA-merking av verktøy på byggeplasser. Les mer om det på Bygg.no og i Bergensavisen