Om oss - Allbygg
17384
page-template-default,page,page-id-17384,nouveau-core-1.0.6,ajax_fade,page_not_loaded,,vertical_menu_enabled,wpb-js-composer js-comp-ver-6.10.0,vc_responsive

Om oss

Firmaet har ei historie som går attende til 1950-tallet. I 2001 kjøpte Allbygg opp to andre bedrifter, Brødrene Solvang og O. Julnes AS, og sidan da har firmaet hatt den forma det har no. Med over 60 års fartstid i bransjen har Allbygg med andre ord lange tradisjonar og solid kompetanse. Ikkje minst har vi dyktige og effektive fagfolk som veit kva dei gjer.

 

Arbeidet vi utfører er alt frå store totalentrepriser til mindre entrepriser innan betong- og tømmerfag. Dei siste åra har omsetnaden i hovudsak vore knytt til oppføring av større offentlege bygg for mellom anna fylkeskommune, kommune og Forsvaret, industribygg for private aktørar og bustadoppføring både i eigen regi og for andre utbyggarar.

 

Vi tek på oss alle typer entrepriser som

  • Hovedentreprise
  • Totalentreprise
  • Generalentreprise
  • Underentreprise

 

Her er eit utval av prosjekt vi er stolte over å ha vore med på:

  • Sande Settefiskanlegg på Sandane
  • Bulandet Miljøfisk, tankanlegg på Bulandet
  • Leiligheter for Kinnvegen Eigendom, i Florø
  • Statnett sine trafostasjonar på strekninga Ørskog-Fardal
  • Bergen kommune sine reinseanlegg på Flesland og Kvernevik
  • 14 butikkar og to sentrallager for Lidl
  • Leiligheter for Block Watne på Nesttun ved Bergen
  • Flora ungdomsskule og Flora vidaregåande skule
  • 330-skvadron i Flora for Forsvarsbygg

 

I februar 2017 ble selskapet Allbygg AS opprettet i Bergen.